Hovedside > DEBATT > Ingvild Holevik Areklett: Etikk bare for mennesker?

SISTE DEBATT:

10.2.2011
Harald Fagerhus
Vi trenger en religiøs lavalder!

10.2.2011
Martin Knutsen
Frie v.s gode valg?

14.1.2011
Morten Horn:
Myter om helse – og skepsis

15.12.2010
Rune Vik-Hansen
Hva er metafysikk?

15.12.2010
Ole P. Lien:
Tro uten følelser er troløshet

3.12.2010:
Ronnie Johanson:
Al-Kubaisi fortjener vår støtte

16.11.2010
Iver Dreiås:
HEF's Giordano Bruno

28.10.2010:
Sara Azmeh Rasmussen:
En sen beklagelse til HEF

26.10.2010
Bente Sandvig:
Svar til Hadia Tajik

26.10.2010
Didrik Søderlind:
Svar til Roger Christensen

18.10.2010
Roger Christensen:
Klisjeer om Sverigedemokraterna

plain box

Fritanke.no er en uavhengig nettavis for livssyn og livssynspolitikk, eid og finansiert av Human-Etisk Forbund.

Fritanke.no redigeres etter redaktørplakaten.

Redaksjonelt stoff i Fritanke.no står ikke nødvendigvis for Human-Etisk Forbunds regning.

plain box Kontakt
Telefon: 23156020
Fax: 23156021
plain box Besøksadresse
Humanismens Hus
St. Olavs gt. 27
Oslo
plain box Postadresse
Pb 6744, St. Olavs plass
0130 Oslo
plain box Ansvarlig redaktør
Kirsti Bergh
bergh {@} human.no
plain box Journalist
Even Gran
gran {@} human.no

Ingvild Holevik Areklett: Etikk bare for mennesker?

Eg har ikkje sett at Human-Etisk Forbund har uttalt seg i saka som nyleg har vore om innføring av halal og kosher-slakt i Norge.

Publisert: 28.5.2009
 
Eg er human-etiker og medlem av Human-Etisk Forbund. Eg synes det er eit flott livssyn der vi har som mål å ivareta menneskeverdet og bekjempe undertrykking spesielt oppstått pga relegionar. Eg har også forstått det slik at Human-Etisk Forbund har som visjon at vi skal ta vare på planeten vi bur på og tenke miljø, det kom tydeleg fram under WWF's kampanje der vi skulle slukke lysa i ein time verda over.

Alt dette synes eg er flott arbeid, eg støtter det fullt ut. Likevel er det noko som manglar her. Eg har ikkje lest at Human-Etisk Forbund har uttalt seg om korleis dei stiller seg til vår medskapningar – dyra. Ein av fleire  fellesnemnarar for mange relegionar og livssyn er at dei også har føringar for korleis dyr skal behandlast, då det ikkje alltid er på ein god måte, vel og merke. Human –Etisk Forbund står for meg som eit livssyn som har som mål å fremme menneskeheita og naturen, men eg har ein dårleg følelse av at dei har gløymd dyra.
 
Årsaka til at eg skriv dette no er at eg ikkje har sett at Human-Etisk Forbund har uttalt seg i saka som nyleg har vore om innføring av halal og kosher-slakt i Norge. Slik eg ser det er dette ein grusom og gammaldags metode man bruker for å slakte dyr og den kan bli innført i Norge pga religion. Dette er jo akkurat det Human-Etisk Forbund arbeider med å bekjempe hos mennesker, nemleg undertrykking påført av relegiøse årsakar. Skilnaden er at her er det dyr som lider.

Eg saknar ei bekrefting på at Human-Etisk Forbund har registrert saka og har ei meinig rundt det. Den empatien med andre som Human-Etisk Forbund uttrykker gjennom sitt arbeid for menneske vert eg veldig overraska over om er fraverande for dyr.

Ei haldning eg tenker burde vere grunnleggande for ein humanetikar, er at dyra har like full rett på å bli behandla med respekt slik vi arbeider for at menneske og naturen ellers skal det. Eit livssyn tenker eg omhandlar alt liv, korleis vi ser på livet vi lever på jorda. Då vert det for meg heilt feil om dyra vert ignorert, dei er ei viktig brikke på jorda. Viss Human-Etisk Forbund er ueinig med meg i dette bør dei tenke over begrepsbruken sin der dei snevrar begrepet inn frå livssyn til reint menneskesyn. 
 
Ingvild Holevik Areklett