Hovedside > DEBATT > Øyvind Strømmen: Velkomen komplettering

SISTE DEBATT:

10.2.2011
Harald Fagerhus
Vi trenger en religiøs lavalder!

10.2.2011
Martin Knutsen
Frie v.s gode valg?

14.1.2011
Morten Horn:
Myter om helse – og skepsis

15.12.2010
Rune Vik-Hansen
Hva er metafysikk?

15.12.2010
Ole P. Lien:
Tro uten følelser er troløshet

3.12.2010:
Ronnie Johanson:
Al-Kubaisi fortjener vår støtte

16.11.2010
Iver Dreiås:
HEF's Giordano Bruno

28.10.2010:
Sara Azmeh Rasmussen:
En sen beklagelse til HEF

26.10.2010
Bente Sandvig:
Svar til Hadia Tajik

26.10.2010
Didrik Søderlind:
Svar til Roger Christensen

18.10.2010
Roger Christensen:
Klisjeer om Sverigedemokraterna

plain box

Fritanke.no er en uavhengig nettavis for livssyn og livssynspolitikk, eid og finansiert av Human-Etisk Forbund.

Fritanke.no redigeres etter redaktørplakaten.

Redaksjonelt stoff i Fritanke.no står ikke nødvendigvis for Human-Etisk Forbunds regning.

plain box Kontakt
Telefon: 23156020
Fax: 23156021
plain box Besøksadresse
Humanismens Hus
St. Olavs gt. 27
Oslo
plain box Postadresse
Pb 6744, St. Olavs plass
0130 Oslo
plain box Ansvarlig redaktør
Kirsti Bergh
bergh {@} human.no
plain box Journalist
Even Gran
gran {@} human.no

Øyvind Strømmen: Velkomen komplettering

Det er openbert at det trengst meir informasjon og debatt om [HAMAS] i norsk opinion.

Publiser: 2.4.2009

I et lesarinnlegg publisert på Fritanke.no 1. april ynskjer Erni Gustafson å komplettera biletet eg gav av Hamas i nr 1-09 av Fri Tanke. Det synest eg er gledeleg, for det er openbert at det trengst meir informasjon og debatt om denne rørsla i norsk opinion. 

Ein heil del av det Gustafson skriv har eg også ingen problem med å vera einig med han i. Det kan rett nok diskuterast kor vidt Hamas og den israelske sionismen "er to sider av same mynt", slik Gustafson hevdar. Mykje av israelsk sionisme ber preg av langt meir tradisjonell nasjonalisme, og mykje av han er sekulært orientert. Han har soleis meir til felles med arabisk og palestinsk nasjonalisme slik denne vert uttrykt i andre organisasjonar – til dømes Fatah – enn han har med den sterkt religiøst orienterte ideologien Hamas står for.

Samstundes er det ingen tvil om at israelsk politikk, krigføring og undertrykking av palestinarane i høgaste grad spelar ei rolle for utviklinga av Hamas si tenkning. Undertrykkinga er – saman med Hamas sitt omfattande sosiale arbeid – samstundes vesentleg for å skjøna kvifor organisasjonen har vorte så populær.

Gustafson skriv at det er viktig å lesa andre og nyare kjelder til Hamas sin ideologi enn organisasjonen sitt charter. Det har han sjølvsagt heilt rett i, og det er også grunnen til at eg blant anna har referert det uoffisielle partiorganet Filastin al-Muslima i min artikkel. Charteret er likevel langt frå irrelevant, og den kombinasjonen av islamisme, nasjonalisme og jødehat ein finn der er å finna igjen i Hamas sin politikk – også i 2009.

Øyvind Strømmen